Elisabeth Fauskanger blir innsett som ny sokneprest i Skjold, Vats og Vikebygd komande søndag.
Foto: Privat
Fellesgudsteneste og ny prest
Søndag blir det fellesgudsteneste for alle kyrkjekrinsane i Vindafjord kommune, og Elisabeth Fauskanger bli innsett som ny prest for Skjold, Vats og Vikebygd.
Elisabeth Fauskanger, som har vore prestevikar i Vindafjord denne våren, skal no innsetjast som ny prest. Sjølv om ho ikkje har vore prest før, har ho lang erfaring som lærar, søndagsskulekonsulent i Karmsund-Sunnhordland søndagsskolekrins, og kyrkjelydspedagog. Fauskanger held for tida på å utdanna seg til prest, og kjem til å bli ordinert som prest neste år. Komande søndag blir det arrangert fellesgudsteneste i Skjold kyrkje for alle kyrkjekrinsane i Vindafjord, og vikarprest i Ølen og Bjoa, Sigfred Sørensen kan opplysa at dei har noko spennande på gang. Ein båt skal nemleg plasserast inn i kyrkjerommet.
Båt inni kyrkja