Fullt liv på bondemarknad
Det var ein marknadsdag full av aktivitetar for både små og store i Etne. — Me har fått så mykje positive kommentarar frå besøkjande.
Laurdag var det duka for Bondemarknad i Etne, og folk strøyma til allereie ved opning. Arrangørane Ester Osvåg og Jorunn Halsnes var veldig nøgd med dagen.
— Eg blir heilt rørt. Me har fått så mykje positive kommentarar frå besøkjande. Når me har lagt ned så mykje tid og energi i dette så betyr det mykje, seier Osvåg.
Vêret kom kanskje ikkje heilt som bestilt, med vekslande sol og regn, og temperaturen låg i det kjølige laget. Men det stoppa ikkje besøkjande frå å møta opp. Folk hadde kledd seg godt og kosa seg på marknaden.