Bli abonnent – få full digital tilgang!
OL-tilbod: Kun 1 kr ut mars!
• Alt innhald på grannar.no • eAvis
• Digitalt arkiv heilt frå 1973
• App med nyheitsvarsel
Deretter frå 159 kr/månad. Automatisk fornying.
Inga bindingstid. Du seier sjølv opp når du ønskjer.

KJØP

Du må logge inn for å lese artikkelen

F.v: Kommunedirektør Filippo Ballarin, Linda Bøthun (H), Kenneth Karlsen (Frp) og Åge Madsgård (Frp) i formannskapssalen. No har Linda Bøthun søkt om fritak
F.v: Kommunedirektør Filippo Ballarin, Linda Bøthun (H), Kenneth Karlsen (Frp) og Åge Madsgård (Frp) i formannskapssalen. No har Linda Bøthun søkt om fritak

Har søkt fritak frå politiske verv

Publisert Sist oppdatert

Kommunedirektør Filippo Ballarin sitt framlegg til vedtak inneber at Bøthun får fritak frå verva sine frå og med 17. september 2024 og ut perioden 2023-2027. Saka skal opp til behandling i kommunestyret Etne tysdag 17. september.

Endra arbeidssituasjon

I søknaden sin, sendt i ein e-post 11. september 2024, viser Bøthun til 7-9 kommunelova, som regulerer fritak og uttreden frå politiske verv. Ho forklarar at arbeidssituasjonen hennar har endra seg vesentleg sidan ho takka ja til å stille til val for Høgre i januar 2023. På den tida jobba ho med å byggja opp bedrifta si med utgangspunkt i Skånevik, men det har vist seg å vera lite hensiktsmessig. Frå hausten 2024 opnar ho kontor i Haugesund, og ho kjem òg til å arbeida i Follo, Ski i fleire periodar. Bøthun meiner dette gjer det vanskeleg å ivareta verva på ein tilfredsstillande måte, og søkjer derfor om varig fritak.

Powered by Labrador CMS