Denne illustrasjonen viser korleis ein ser for seg tomta til fase 1 på Dommersnes når den er klargjort.ILLISTRASJON: HELGESEN TEKNISKE BYGG AS/WINDAFJORD PORT
Hentar inn hjelp utanfrå
Windafjord Port/Dommersens AS planlegg å sette i gang med arbeidet med fase 1 av planane sine på Dommersnes Industriområde i oktober, men løyvet har blitt klaga inn til Sivilombodet. Vindafjord kommune vil få ei vurdering av kommuneadvokaten til Karmøy på om anleggsarbeidet må vente.
— Me har bestilt ei uavhengig vurdering, sa kommunalsjef Halfdan Krohn Brekke for samfunnsutvikling under eit møte i Utval for drift, utvikling og kultur (DUK) måndag.
Vil starte i oktober
15. april opprettheldt DUK vedtaket om å gi Windafjord Port dispensasjon og løyve til planering av eit 54 dekar stort område på Dommersnes industriområde i Vikebygd. Dette er fase 1 i Windafjord Port sine planar om å utvikle området. Statsforvaltaren i Rogaland valde seinare å oppretthalde kommunen sitt vedtak.