Frå opninga av ein lausdriftsfjøs i Sandeid i november 2023.
ARKIVFOTO: NILS TOKHEIM
Kjem til Ølen for å mobilisere bøndene
Landsbrukspartnarskapet i Rogaland kjem neste veke til Ølen. Målet er å få bønder til å søke tilskot til lausdrift.
Landbrukspartnarskapet i Rogaland er ein organisasjon som Rogaland fylkeskommune, Innovasjon Norge i Rogaland, Skognæringsforum og Statsforvaltaren i Rogaland står bak.
Det vil i to møter i fylket bli hovedvekt på støtte til nye mjølkefjøs med lausdrift, og i førehandsomtalen står det at lokaliseringa til Bjerkreim og Vindafjord ikkje er tilfeldig.
— Arrangementet nord i fylket er for heile Haugalandet, men det er svært naturleg for oss å leggja det til Vindafjord, seier assisterande landbruksdirektør Anfinn Rosnes hos Statsforvaltaren i Rogaland.