I den nye kontrakten skal følgja opp fylkesvegar og gang- og sykkelvegar i kommunane Haugesund, Karmøy, Tysvær, Bokn og Utsira.
Frå før har dei noverande kontrakten for Indre Ryfylke, som inkluderer Vindafjord kommune. Den kontrakten går ut i 2026.
Til saman får entreprenøren ansvar for å drifta og halda ved like 482 kilometer veg, der 74 kilometer av desse er gang- og sykkelvegar.Med kontrakten på Haugalandet har Risa no fire av fem driftskontaktar i Rogaland fylkeskommune. Dette inkluderer begge driftskontraktane i Nord-Rogaland og dessutan driftskontraktane Høgsfjord og Dalane i Sør-Rogaland. Det er Presis vegdrift som følgjer opp vegane i Stavanger-området.