Tysvær
Opnar ny McDonald´s i Aksdal – treng 60 tilsette
Tidlegare i år annonserte McDonald’s at dei ønskjer å opne ein ny restaurant i tilknyting til Aksdal Senter. Denne veka starta bygginga, og dermed ligg alt til rette for at den nye restauranten kan opne før jul.
McDonald’s vurderte fleire alternativ i Rogaland. Valet fall på Aksdal Senter, som er eit knutepunkt for trafikk mellom aust og vest i Noreg. Restauranten skal etter planen opne i midten av desember 2024.
– Tysvær har ei flott plassering, og etter hyggelege samtalar med Elisabeth Førland fann vi raskt ut at vi er ein god match med Aksdal Senter. Vi ser fram til å bli ein del av næringslivet i Tysvær og bidra til fleire arbeidsplassar, seier Liv Siri H. Silseth, etableringssjef for McDonald’s i Noreg.
Skal tilsette 60 personar