Kristin Hansen (t.v.), Kristine Van der Meulen, Jordy Lee Grant og Brechtsje Blom (14) er klar for Vikingdag i Imsland.
Foto: Irene Mæland Haraldsen
Tilbake til vikingtida
Det er duka for ei spannande tidsreise i Imsland når bygdekvinnelaget inviterer til Vikingdag førstkomande sundag.
Gamle handverkstradisjonar, mat på vikingvis og ei rekkje ulike aktivitetar og konkurransar står på programmet når Imsland Bygdekvinnelag i samarbeid med Haugalandsmuseet, sogelaget, Suldal Husflidslag og ein talrik dugnadsgjeng med bygdefolk og elevar frå Vindafjord vaksenopplæring skal forvandla leikeplassen ved Imsland skule til ein liten vikinglandsby.
Set opp telt
Alle som legg søndagsturen til Imsland denne dagen vil få eit interessant innblikk i korleis vikingane levde og arbeidde for over 1000 år sidan. Besøkjande vil få demonstrert ulike handverksteknikkar og dei vil få sjå korleis vikingane jobba med råvarer som tre, lær, ull og skinn.