Avmålte trass millionauke
Regjeringa foreslår å gi Etne og Vindafjord kommune til saman over 1 milliard kroner i frie inntekter i 2025, 73 millionar meir enn i år. Økonomisjefane i kommunane er glade for auken, men ser likevel utfordringar framover.
— Det er svært positivt at regjeringa ser utfordringane kommunane står overfor og har valt å auke dei frie inntektene. Dette gir auka midlar til å kunne dekke naudsynte tenester for innbyggjarane våre, seier økonomisjef Cathrine G. Berge i Etne kommune.
I samband med forslaget sitt til statsbudsjett for 2025 presenterte regjeringa eit anslag på frie inntekter i 2025 og nominell vekst frå 2024 til 2025. Etne kommune blir førespegla å få 350 millionar i frie inntekter neste år. Samanlikna med i 2024 har summen vekse 25,6 millionar, altså 7,9 prosent.
Førebuing på krevjande år