Etter fleire alvorlege hendingar der tilsette har blitt skadde av dyra, vil Nortura slutte å ta i mot skotsk høylandsfe frå 1. november.
Fabrikksjef Ove Drange ved Nortura Egersund seier til NRK at fleire tilsette har blitt utsett for farlege situasjonar, og han kallar dyra potensielle drapsmaskiner». Denne avgjerda har fått støtte blant dei tilsette, som er glade for at tryggleiken blir sett først.
Tilsette har blitt spidda
– Me har hatt episodar der folk har mista synet på eit auge, blitt spidda av horna, eller kasta rundt. Når slike ting skjer, er det klart at me må ta grep, seier Drange.
Bønder som driv med skotsk høylandsfe reagerer sterkt på denne avgjerda. Frank Halvard Valø, leiar i foreningen Norsk Highland Cattle, seier til NRK at han meiner Nortura bryt mottaksplikta, og samanliknar situasjonen med pelsdyrnæringa, der bønder måtte avvikle verksemda si med store tap.
Fataland: Har systema som trengs
Dagleg leiar Ove Malvin Knutsen ved Fatland Oslo fortel at dei har valt å halde fram med slaktinga ved sitt anlegg i Ølen, der dei har system på plass som sikrar tryggleiken til dei tilsette.
– For oss er det viktigaste å sørgje for tryggleiken til alle som er i kontakt med dyra, men me har ikkje hatt negative hendingar knytt til skotsk høylandsfe, seier Knutsen.
Fatland tar imot skotsk høylandsfe berre i Ølen, ikkje i Oslo eller på Jæren, men understrekar at dei ikkje ser det som naudsynt å stanse mottaket av desse dyra, seier han til NRK.