Norwegian aukar tilbodet til Spania frå Hauugesund, mens SAS aukar frekvensen på Oslo-ruta.
ARKIVFOTO: TORSTEIN TYSVÆR NYMOEN
Fleire fly til Spania og Oslo frå Karmøy
Den kommersielle leiaren ved lufthamna, Pål Visnes, opplyser at Malaga-ruta frå Karmøy no blir operativ frå april til september. Tidlegare i haust blei det varsla at ruta skulle ta pause i april, mai, september og oktober, men etter justeringar har Norwegian endra vedtaket.
– Eg har mast på dei og minna Norwegian på at dette er godt etablerte ruter, seier Visnes til Haugesunds Avis.
Auken i utanlandstilbodet kjem etter at fleire reisande reagerte på tidlegare innskrenkingar, spesielt med tanke på Spania-reiser.