Ordførar Mette Heidi Bergsvåg Ekrheim (Sp). Foto: Grethe Hopland Ravn
Ordførar Mette Heidi Bergsvåg Ekrheim fortel om Etne kommune sin beredskap. Her fra eit politisk møte.

Ekstremvêret Jakob

Har førebudd seg på vêret

Ordførar Mette Heidi Bergsvåg Ekrheim i Etne kommune observerte sjølv på veg til jobb i dag at det var meir vatn enn vanleg.

Publisert Sist oppdatert

På veg til jobb køyrer ordføraren dagleg gjennom Rame i den sørlege enden av Stordalsvatnet før brua over til E134 ved Grønstad skule.

— Det er stader på vegen der det lett blir liggjande vatn, men til vanleg ikkje så mykje som no i grålysninga i morges, seier Mette Heidi Bergsvåg Ekrheim.

Ho forsikrar elles at kommunen har førebudd seg godt gjennom å ha reinska grøfter og kummar.

— Me har brukt erfaringsgrunnlaget vårt frå tidlegare og håpar såleis at me har luka bort ein del potensielle problem, seier ho.

Kommunen har løpande overvaking gjennom heile dagen i dag.

Har du tips eller bilete om flaumen eller andre hendingar knytt til esktremvêret Jakob i Etne eller Vindafjord? Del gjerne ved å sende til tips@grannar.no.

Powered by Labrador CMS