Varaordførar Gustav Løge Fosse (KrF, f.v.) og ordførar Ole Johan Vierdal (Sp) støtta kommunedirektør Yngve Folven Bergesen sitt forslag om å skyte inn fem millionar kroner i Windafjord Port. FOTO: BENJAMIN LETH HELGALAND
Varaordførar Gustav Løge Fosse (KrF, f.v.) og ordførar Ole Johan Vierdal (Sp) støtta kommunedirektør Yngve Folven Bergesen sitt forslag om å skyte inn fem millionar kroner i Windafjord Port.

Kamp om Dommersnes-investering

Publisert Sist oppdatert

— Dette er ikkje rett tidspunkt å selje seg ned. No er det kjempeviktig at me er med på å leggje til rette, sa ordførar Ole Johan Vierdal (Sp) i eit formannskapsmøte tydsdag.

Han viste til at Noreg si havvindsatsing er inne i ein viktig fase, med prosjekt som Utsira Nord i sikte. Som ein parallell viste han til industriområde som kommunen har vore med å utvikle, for så å selje seg gradvis ned når næringslivet vil ha areal.

Kommunedirektør Yngve Folven Bergesen foreslo til vedtak at Vindafjord kommune skal skyte inn inntil fem millionar kroner i selskapet Dommersnes AS/Windafjord Port, under føresetnad av at den andre eigaren, Westcon Yards, skyt inn det same. Forslaget fekk støtte med sju mot to stemmer i formannskapet.

Dommersnes AS, marknadsført som Windafjord Port, blei oppretta i 2023 for å utvikle Dommersnes industriområde i Vikebygd, med sikte på serieproduksjon til havvindnæringa.

Hei!
Du må ha eit aktivt abonnement for å lese vidare.

Eksisterande kunde?

Logg inn her

Har du ikkje abonnement?

Bli abonnent

Powered by Labrador CMS