— Dette var ein fin tur og det var ikkje så langt, seier Linda Hallingstad og Bjørn Vikedal som kom eins ærend frå Vikedal for å bli med på opninga av den nye turstien.
Og dei var ikkje aleine om å bli med på tur denne haustkvelden. Til saman 104 turglade barn og vaksne hadde sett av eit par timar for å delta på opningsfesten og langs den 2 kilometer lange løypa fekk turgåarane trimma både føter og hjerne. Plakatar med spørsmål om smått og stort var plassert langs stien, og dei som hadde alt rett ved vegs ende fekk premie.
— Me likar å gå tur, og me har tatt rebusen, seier dei tre unge turgåarane Anja Hustveit Høyland (10), Håkon Hustveit Høyland (8) og Simen Hustveit Andreassen og håpar på alt rett.