Tekst brukt 4793 Tredjeparten av mjølkebøndene som har tradisjonelt båsfjøs, vil avvikle mjølkeproduksjonen, viser ei undersøking i regi av Fylkesmannen i Rogaland. llustrasjonsfoto: Jon Edvardsen, Grannar.

Kraftig nedgang for lokale bønder

Etter eit par år med solid inntektsauke opplevde bønder på Sørvestlandet ein kraftig inntektsnedgang i fjor. Grovfôrbaserte produksjonar har fått dei største tilbakeslaga, medan gris og hønsehald har hatt ein meir stabil utvikling.

Publisert Sist oppdatert
Det kjem fram i ein analyse frå SpareBank 1 Sør-Norge Landbruk, som har sett på 2023-rekneskapen for 1.900 gardsbruk på Søvestlandet. Mange av bruka har adresse i Grannar-distriktet.

Det er seniorrådgjevar og vindafjording Andreas Lundesgård som har laga rapporten. Han peikar på kostnadsvekst og ustabil marknad som hovudårsakene til dei negative tala.

— Opp som ein bjønn, ned som ein skinnfell, innleier han rapporten med, og viser tilbake til særs gode år i 2021 og 2022.

Lundesgård minner om at inntektene i det norske landbruket i 2021 og 2022 nok var kunstig høge, og viser til at norske matprodusentar kunne produsere omtrent så mykje som dei ville under covid-19-pandemien.

Gjennomsnittleg har næringsinntekta per bruk gått ned frå kr 562.000 til kr 482.000 i 2023, noko som utgjer ein nedgang på kr 80.000. Den største nedgangen ser ein blant grovfôrbaserte produksjonar, som har møtt på utfordringar med både kostnadsvekst og svekka marknad.

Fall for mjølkeprodusentar

For mjølkeprodusentane, som tidlegare har hatt stabil inntekt, har 2023 vist ein betydeleg nedgang. Gjennomsnittleg dekningsbidrag per ku har falle med 28 prosent, frå 39.000 til 28.000 kroner. Samstundes har kostnadene for innsatsfaktorar som gjødsel og kraftfôr auka betydeleg.

Ammekuprodusentar har opplevd den mest dramatiske inntektsnedgangen. Her har dekningsbidraget per ku falle med heile 70 prosent, ein reduksjon på nesten 9.000 kroner.

— Årsaka ligg i ein kombinasjon av overproduksjon og lågare utbetalingspris til bonden, noko som har ført til press på marknaden.

Lundesgård trur noko av årsaka her ligg til dyrtida me er inne i. Folk brukar mindre pengar på god biff og kjøttdeig, og har dreia meir over på rimelegare varer som til dømes kylling.

Stabilt for gris og høns

I kontrast til grovfôrbaserte produksjonar har gris og hønsehald hatt ein meir stabil økonomi i 2023. Dekningsbidraget for grisproduksjon har halde seg på same nivå som i 2022, og for høns har den generelle inntektsutviklinga vore stabil. SpareBank 1 Sør-Norge Landbruk peikar likevel på at grisproduksjonen er utsett for svingingar i marknaden.

For sauebøndene har også inntektsutviklinga vore negativ. Dekningsbidraget per sau har gått ned frå kr 1.060 til kr 550, ein nedgang på om lag 48 prosent. Som ein sektor avhengig av tilskot har sauebøndene fått auka offentleg støtte med 800 kroner per sau i 2023. Denne utgjer no 2.500 kroner. Men dette har ikkje vore tilstrekkeleg til å kompensere for kostnadsauken.

Ein sentral faktor i den negative inntektsutviklinga for bøndene er auka kostnader for innsatsfaktorar som gjødsel og kraftfôr. SpareBank 1 Sør-Norge Landbruk forklarer at kostnadsauken har vore særleg merkbar for bøndene som lagra inn dyr gjødsel i 2022. I tillegg kjem auka renteutgifter, som har påverka botnlinja for bøndene vesentleg. Ifølgje rapporten har auka renter ført til auka kostnader på om lag kr 75.000 i snitt per bruk.

Fartshump?

Trass i utfordringane for 2023, peikar Lundesgård på at det finst lyspunkt framover, og at 2024 skal bli eit noko betre år for bøndene.

— Me håpar at fjoråret var meir som ein fartshump, seier han.

Han peiker på innsatsfaktorar som til dømes kunstgjødsel har gått ned frå 10–12 kroner på det høgaste til rundt til 6 kroner no. Melkeprisen er også på veg opp; den har auka med 60–70 øre hittil i år.

Også eggprodusentane ser betre prisar og etterspurnad no.

Men lånerenta bit på primærnæringa, akkurat som den gjer for folk og verksemder elles. Det gir ei viss uro i næringa.

— Dei som nyleg har investert, dei kjenner på det no, slår Lundesgård fast.

Hei!
Du må ha eit aktivt abonnement for å lese vidare.

Eksisterande kunde?

Logg inn her

Har du ikkje abonnement?

Bli abonnent

Powered by Labrador CMS