Havvind
Rasar mot millionforslag
Kommunedirektør Yngve Folven Bergesen foreslår at Vindafjord kommune skal skyte inn fem millionar kroner i selskapet Dommersnes AS/Windafjord Port. Det får foreininga Bevar Ålfjordens Perle til å reagere sterkt.
— Me meiner at dette er ein uansvarleg bruk av midlane til fellesskapet, spesielt når private investorar ser ut til å ha frie taumar til å gjere som dei vil, seier foreininga Bevar Ålfjordens Perle ved styreleiar Jon Magne Svendsbøe i ei pressemelding.
I saksinnkallinga til formannskapsmøtet tysdag tilrår kommunedirektøren Yngve Folven Bergesen at Vindafjord kommune skal skyte inn ny aksjekapital på inntil fem millionar i Dommersnes AS, føresett at den andre eigaren, Westcon Yards AS, skyt inn tilsvarande sum.
Dommersnes AS, marknadsført som Windafjord Port, blei oppretta i 2023 for å utvikle Dommersnes industriområde i Vikebygd, med sikte på serieproduksjon til havvindnæringa. Foreininga Bevar Ålfjordens Perle har utspring frå ein underskriftskampanje mot planane, og jobbar aktivt for at dei ikkje skal bli realiserte.
Høgare kostnadar
Då selskapet blei oppretta, skaut kommunen og Westcon inn tre millionar kvar og blei eigarar av halvparten kvar. Sidan har selskapet arbeidd med vidareutvikling av planane for området, inkludert byggjeløyve og ny reguleringsplan. Det har også vore marknadsført som areal for havvindprosjekt, særleg knytt til Utsira Nord.
Med bistand frå kommunen har selskapet hatt tett dialog med eigarane innanfor det regulerte området, særleg fritidseigedommane. Folven Bergesen skriv at selskapet ser det som formålstenleg å løyse ut desse eigedommane ved oppstart av fase 1», både for behov for eigedommane i samband med utviklinga av området, men òg av omsyn til mogelege utfordringar med støy og støv som kan oppstå for desse. Forhandlingar pågår.
— Kommunedirektøren vil vere tydeleg på støtte til selskapet sine planar om å kjøpe ut fritidseigedommane innanfor næringsområdet alt i denne fasen, men òg på at innanfor fase 1 bør det vere mogeleg for dei eksisterande verksemdene på området å fortsetje drifta som i dag, slik at desse ikkje vert løyst ut på noverande tidspunkt, skriv Folven Bergesen.
Reguleringsplanarbeidet har vore dyrare enn forventa. Styret ber difor om eit kapitalinnskot på 10 millionar frå eigarane for å sikre drifta til 2026.
Ber politikarane seie nei
Folven Bergesen meiner at opprettinga av Dommersnes AS var rett for å få til utvikling på industriområdet. Han viser til at utvikling krev kompetanse og ressursar ein kommuneadministrasjon ikkje normalt har.
Basert på Menon Economics sin rapport Muligheter for Norske sammenstillings- og installasjonshavner innen havvind frem mot 2023» er det kommunedirektøren si klare vurdering at det er store mogelegheiter med rett utvikling av området. Samstundes er det òg klart at full utbygging av kaiareal og krankapasitet blir kostbart. Styret vil ikkje invitere nye eigarar inn, og får støtte av Folven Bergesen.
— Det er sannsynleg at både arbeidet med fase 1 og reguleringa av heile området vil medføre ein verdiauke på området, og dermed på kommunen si eigardel, som er minst like stort som kapitalinnskotet som ligg føre no, skriv kommunedirektøren.
Samstundes meiner han at kommunen seinare bør vatnast ut» eller selje seg heilt eller delvis ut. Han ser det som viktig at selskapet har føreseielege forhold for å gjennomføre fase 1 og hente ekstern kapital. I den første fasen vil det òg vere vanskeleg å generere større inntekter frå utleige av arealet.
Dei fem millionane er tenkt henta frå ubunde investeringsfond. Bevar Ålfjordens Perle er svært kritiske til pengebruken. Foreininga meiner det er urovekkjande at kommunen må skyte inn store beløp for å dekkje kostnadar, medan private investorar etter deira syn har frie taumar. Dei peiker på trong for midlar innan eksempelvis skule og eldreomsorg, og håpar formannskapet seier nei til forslaget.
— Me oppmodar kommunen og politikarane om heller å prioritera prosjekt som tek vare på innbyggjarane og økonomien på lang sikt, uttalar foreininga.