Skyt inn pengar i Dommersnes-selskap
Kommunedirektør Yngve Folven Bergesen foreslo til vedtak at Vindafjord kommune skal skyte inn inntil fem millionar kroner i selskapet Dommersnes AS/Windafjord Port, under føresetnad av at den andre eigaren, Westcon Yards, skyt inn det same. Forslaget blei vedtatt i formannskapet sist veke og vann voteringa i kommunestyret med 16 mot seks stemmer.
Dommersnes AS, marknadsført som Windafjord Port, blei oppretta i 2023 for å utvikle Dommersnes industriområde i Vikebygd, med sikte på serieproduksjon til havvindnæringa.
Usemje om tidspunkt
Saksbehandlinga starta med at Geir Berge (H) kom med eit forslag om å utsetje saka om kapitalauke. Han ønska at kommunen skulle be selskapet om å leggje fram eit budsjett som viser kapitalbehovet og ein plan, helst utan kapitalinnskot frå eigarane, for å halde fram drifta.
— Eg er vant med at ein får eit budsjett på kva ein treng av pengar, sa Berge.
I saksinnkallinga såg han ikkje tal som underbygger kvifor selskapet treng akkurat ti millionar no. Når det gjeld dei fem frå kommunen, utdjupa han at Vindafjord står i mange utfordringar. Han viste til nylege rapportar om skule- og barnehagebygg, og stilte seg spørsmålet om pengane hadde vore betre brukt der. Forslaget fekk berre støtte frå Bente Kleppe (SV).
Som i formannskapet sist veke fremja Øyvind Valen (Ap) eit trepunktsforslag, der det blir opna for å sleppe andre investorar inn. Debatten følgde i stor grad linjene frå den gongen, der spørsmålet var om dette er rette tidspunktet for det. Dei som stemte for forslaget til Valen, var dei seks representantane frå Ap, SV og Vindafjordlista.
Tilrettelegging
Valen argumenterte for at tida er moden for nye investorar ved å vise til at kommunen allereie har investert tungt i selskapet, med å gå inn med tre millionar ved opprettinga og ein eigedom taksert til 60 millionar. Han fekk støtte frå Anna Klette Steinsland (Vindafjordlista).
— Kommunen har eit enormt investeringsbehov framfor seg innanfor kjerneområda, sa Steinsland.
Ho viste til nylege rapportar om skule- og barnehagebygg, så vel som om helse og omsorg, som viser eit stort behov framover. Blant dei som støtta fleirtalsvedtaket om å vente med å ta inn nye investorar, blei det uttrykt at kommunen vil vere i ein meir gunstig posisjon seinare.
— Etter fase 1 vil området få ein ny verdivurdering, sa Modolf Haraldseid (H).
Å sleppe andre investorar inn no ville etter hans oppfatning kunne gjere dei investorane til gratispassasjerar i den delen av reisa. Fase 2A vil ifølgje Haraldseid truleg krevje så store investeringar at dei må ha andre inn.
Ivar Ødegård (Vindafjordlista) reagerte på det han oppfatta som ein debatt der politikarane snakka som om prosjektet skal bli realisert, samtidig som det går føre seg ei konsekvensutgreiing for fase 2 og 3. Han meinte at det riktige ville vere at kommunen gjekk ut av selskapet no.
Det er Håvard Rørtveit (H) sterkt ueinig i. Han trekte fram viktigheita av at kommunen legg til rette for at det skal bli lett å drive næring der. Jan Idar Haugen (Sp) framheva også kommunen si rolle som tilretteleggjar. Han viste til positive erfaringar med å utvikle både industri- og idrettsområde i Ølen for ganske høge summar. Som svar på Valen sin kommentar om verdien på kommunen sin eigedom, poengterte Haugen at eigedomen har lege der i 40 år og berre hatt inntekter sporadisk.
Mats Årvik (Frp) var på sida som vil vente med å ta inn nye investorar, men fremma eit tilleggsforslag om å opne for andre investorar på lengre sikt. Dette forslaget fekk støtte frå Frp, Ap, SV, Vindafjordlista og Geir Berge frå Høgre, og med det ni stemmer. Det var ikkje nok til fleirtal.