– Det trengst ein massiv innsats om vi skal klare å stanse naturtapet før det er for seint, seier generalsekretær Karoline Andaur i WWF Verdsnaturfondet.
WWF-rapporten Living Planet blir gitt ut annakvart år og granskar utviklinga i nesten 35.000 dyrebestandar frå 5495 artar over heile verda.
Årets rapport viser at nedgangen er størst blant artar som lever i ferskvatn. Desse bestandane har i snitt gått ned med 85 prosent frå 1970 til 2020.
Artar på land har gått ned 69 prosent og artar i hav 56 prosent.
Natur forsvinn i alarmerande tempo
– Rapporten føyer seg inn i rekka av dystre åtvaringar om at vi mistar natur i eit alarmerande tempo, og at vi nærmar oss farlege vippepunkt for kva naturen kan tole. Dette utgjer ein alvorleg trussel mot livet på jorda, seier Andaur.
Nedgangen er klart størst i Latin-Amerika og Karibia, der bestandane av ville dyr i snitt har gått ned heile 95 prosent.
Dei afrikanske dyrebestandane blir anslåtte å ha minka med 76 prosent, medan Stillehavsregionen i Asia har opplevd ein nedgang på 60 prosent.
Ei av dei viktigaste årsakene til at det blir færre dyr, er at leveområda deira blir øydelagde. Det blir også peika på overhausting, framande artar, sjukdommar, forureining og klimaendringar.
Fleire artar går tilbake i Noreg
Også i Noreg er fleire artar i tilbakegang. Rundt 600 av bestandane som inngår i rapporten, held heilt eller delvis til her til lands. Blant dei som går tilbake og/eller er utryddingstrua, er lundefugl, lomvi, villrein og ulv.
I Nord-Amerika er nedgangen på 39 prosent, medan dyrebestandane i Europa og Sentral-Asia har gått ned 35 prosent.
I Europa og Nord-Amerika var mange naturområde borte allereie før 1970, noko som fører til at nedgangen er mindre her.
Situasjonen er akutt, men det er ikkje for seint å ta grep, ifølgje WWF.
– Vi veit kva som må gjerast. Vi har fasiten. Om kvart land følgjer opp den globale naturavtalen med konkrete tiltak på heimebane, vil vi klare å reversere naturtapet. Naturen kan komme seg raskt, berre han får sjansen, seier Andaur.
Må ha milliardinvesteringar
Andaur meiner Noreg har ein stor jobb framfor seg og viser til stortingsmeldinga om naturmangfald. Den vart lagt fram i slutten av september til kraftig kritikk frå grøne parti og naturvernorganisasjonar.
30 prosent av Noregs landsareal skal bevarast innan 2030, ifølgje meldinga, medan regjeringa kjem tilbake til havområda. Ein naturrekneskap blir innført frå 2026 og skal gi oversikt over kor mykje natur vi har.
Regjeringa har sett av til saman 100 millionar kroner til arbeidet.
Det er nødvendig med satsingar i milliardklassen dersom naturkrisa skal stansast, meiner Andaur.
– Når naturmeldinga skal behandlast på Stortinget denne vinteren, har politikarane ein stor jobb å gjere med å skjerpe norsk naturpolitikk.