For leiar Aleksander Teimann Bjørnø i Bjoa bygdeutviklingslag er heimbygda Bjoa og skulen svært viktig.
Foto: Irene Mæland Haraldsen
Debatt
Ein katastrofe for Bjoa og ei tikkande bombe under den offentlege skulen i heile Vindafjord kommune
For to år sidan landa kommunestyret ein skulebruksplan for kommunen. Kommunestyret lytta til innspela frå bygdene, og me trudde at me kunne stola på vedtaket om ei vidareføring av skular i alle ni bygder i kommunen. Stort var difor sjokket då kommuneleiinga med eit pennestrøk flytta mellomtrinnet på Bjoa skule til Ølensvåg frå i haust, og no følgjer budsjettforslaget for 2025 opp med dødstøtet for skulen på Bjoa.
Alle ønskjer det beste for borna, og me er overtydde om at det beste for borna på Bjoa er å gå i barnehage og på barneskule i heimbygda. Barneskule og barnehage i nærmiljøet er ein viktig del av ein trygg oppvekst, og det vil vera ei alvorleg feilvurdering å ta dette frå borna på Bjoa. Me tek ikkje for hardt i når me påstår at Bjoaskulen tilbyr eit utemiljø utan sidestykke med fantastiske leike- og læringsmiljø for borna. Gymsalen på skulen er også populær for alle aldrar. Læringsmiljøet på både små og større skular er avhengig av dyktige lærarar og godt utstyr, men det er ikkje noko forsking som set eit B-stempel på dei små skuleeiningane. Tvert imot kan små klassar gi større rom for tilpassa opplæring og eit tryggare læringsmiljø. Elevar frå Bjoa har vist at dei meistrar overgangen til ungdomsskule og vidaregåande minst like godt som elevar frå andre bygder. Det er neppe noko anna bygd i Vindafjord som har produsert så mange doktorgrader dei siste 15 åra som Bjoa, i høve til folketalet.
Nedlegging av skulen på Bjoa vil gjera borna til dagpendlarar frå 5-årsalder. For mange elevar vil transporttida mellom heim og skule bli 1,5–2 timar dagleg. Etter ti år på skulen vil borna på Bjoa ha brukt tid tilsvarande fleire ekstra skuleår i bussen. Det er lett å forstå at den lange skulevegen vil slita på motivasjon og entusiasme, både i pliktig skulealder og med tanke på tre år vidaregåande skule i Ølen. Den slitsame dagpendlinga frå så låg alder vil vera negativ for skuleopplevinga, for læringsmiljøet, for vidare utdanning og for val av framtidig buplass. Me protesterer på at borna våre og bygda vår skal betala denne prisen. Me har heller ikkje sett planar for korleis kommunen har tenkt å løysa transportutfordringane knytt til at ulike klassar kan ha ulik daglengde på skulen, skyss til/frå SFO og mogleg leksehjelp-ordning etter skuletid.