Aldri før har det vore spelt seriekamp i basketball i Ølen. Etter at Ølen IL slo seg saman med Stegaberg IL for omlag eitt år sidan, er det no blitt ein realitet med basket på heimebane for ølensbuen.
—Me synest det er veldig gøy
Lars Johan Hustveit frå Ølen, Theodor Kleppe Askvig frå Ølen og Julian Vetrhus Engenes frå Ølensvåg er tre av fire frå Vindafjord som spelar på Stølen-laget. Dei er einige om at det er ekstra stas å spele på heimebane for første gong.