Tormod Sandsgård (Vindafjordlista).FOTO: PRIVAT
Tormod Sandsgård (Vindafjordlista).

Debatt

Korleis står det til med lokaldemokratiet i Vindafjord?

Det er for tida mykje uro for antidemokratisk utvikling rundt om i verda. Men kanskje burde det lyse varsellampar for folkestyret i vår eigen kommune òg. I Vindafjord har me siste året fleire saker som bør få oss til å stille spørsmålet i overskrifta her.

På Dommersnes i Vikebygd er det frå innbyggjarane kravd ny regulering for oppstart av ny industri – mykje med tanke på at det er førespegla store inngrep i framtidige utvidingar av prosjektet. Kommunedirektøren held på at første del kan godkjennast administrativt. Men me ser allereie no at har me sagt A må me seie B». Kommunen har allereie måtta gå inn med 5 millionar i ekstra kapital – dagen før Fredrik Solvang i Debatten på NRK stiller opp fleire ekspertar som meiner at havvind neppe blir lønsamt. Innbyggjarane ville kanskje meine at pengane ville tent kommunen betre som vedlikehald av skular eller oppgradering av symjehall. Situasjonen er no at kommunen som deleigar i eit kommersielt selskap er i konflikt med eigne innbyggjarar – i staden for å sikre demokratiske prosessar, informasjon og dialog. Har våre folkevalde styringa her?

Kommunestyret, som har fått tillit gjennom lokalval, er kommunen sitt øvste organ mellom vala. Kommunestyret gjer styringsvedtak gjennom kommuneplan og planar for viktige samfunnsoppgåver – som t.d. skulebruksplan. Gjeldande skulebruksplan blei vedteken etter ein demokratisk prosess i kommunestyret, involvering av grendene og høyringar. Fleirtalet vedtok då noverande plan. Likevel opplevde me i sommar at det blei gjort vedtak i kommunen om flytting av mellomsteget på Bjoa til Vågen skule. Det er veldig uklart kor dette avviket frå skulebruksplanen er forankra demokratisk. Det blei vist til manglande kvalifiserte søkjarar til vikariat, sjølv om det arbeider ufaglærte i skular i kommunen. Vedtaket blei gjort administrativt utan å involvere/informere foreldre og tilsette på Bjoa.

Hei!
Du må ha eit aktivt abonnement for å lese vidare.

Eksisterande kunde?

Logg inn her

Har du ikkje abonnement?

Bli abonnent

Powered by Labrador CMS