Skule- og barnehagenedleggjinga i Imsland,
Torunn Imsland (f.v.), Marianne Vanvik og Britt June Kvaløy prøvde å halde humøret oppe, sjølv på ein trist dag for bygda deira.

Vindafjord-budsjettet

Resignasjon i Imsland

På butikken i Imsland vart informasjonen om formannskapet si avgjerd om å følgje innstillinga frå kommunedirektøren møtt med undring og resignasjon meir enn overrasking.

Publisert Sist oppdatert

Få ynskte å stå fram, korkje på butikken på Kvaløy eller skulen i Ølmedal etter at nyhenda om at det er politisk fleirtal for å leggje ned skulen sprakk onsdag, men alle var leie seg for at både skulen og barnehagen forsvinn.

— Då skulen vart redda for eit par år sidan, følte eg at kommunen tok på seg ei viss forplikting til å ta på alvor at bygdefolket her meiner bygda har eit potensial for vekst. Sidan er det ikkje gjort noko aktivt med dette, og det er ingen nye tomter i sikte. Korleis skal bygda vekse då, og kvifor har me ikkje fått tildelt flyktningar slik dei andre bygdene har? spør Bodil Imsland.

Ho seier seg ueinig i korleis administrasjonen og politikarane tenkjer, men føler seg meir trist enn overraska. Andre i lærarstaben undrar kor raskt det heile går. Dei meiner at dei aldri får tid til å samla seg, og at rapportar om teknisk tilstand på bygningar får overdriven vekt.

Hei!
Du må ha eit aktivt abonnement for å lese vidare.

Eksisterande kunde?

Logg inn her

Har du ikkje abonnement?

Bli abonnent

Powered by Labrador CMS