Styreleiar Solveig Hortman og Jan Idar Haugen gruppeleiar Jan Idar Haugen i Vindafjord Sp er uenige i spørsmålet om nedleggingar av dei minste skulane. Her frå ei synfaring i gymsalen ved Ølen skule.
ARKIVFOTO: SVEIN-ERIK LARSEN
Vindafjord-budsjettet
Skulesplid i Vindafjord Sp
— Me vil ha levande bygder, og det trur me ikkje at me klarer å få til om me legg ned skulane, seier styreleiar Solveig Hortman i Vindafjord Sp.
Ho fortel at ho og dei i styret i lokallaget, som ikkje er faste kommunestyrerepresentantar, er einige i at det er feil å gå for nedlegging. I tillegg til Hortman er Daniel Jansen nestleiar, Siv Bente Stople Østbø kasserar, Camilla Strandnes studieleiar og Undine Hamre Tindeland medlem.
Frå kommunestyregruppa er også gruppeleiar Jan Idar Haugen og ordførar Ole Johan Vierdal med i styret. Dei var med på å stemme gjennom eit budsjett som mellom anna inneheld nedlegging av skulen på Bjoa og barnehagen og skulen i Imsland i formannskapet tysdag.
Bryt valløfte
Å leggje ned skular er vanskeleg for Hortman. Kjensla blir berre sterkare av at Sp hadde ni barneskular som ein del av valprogrammet sitt til valet i 2023.
— Eg synest ikkje det er greitt. Me laga dette programmet, og det var det me gjekk til val på. Då synest eg det er valdsamt at me ikkje klarer å finne pengar til dette, seier Hortman.
Ho understrekar at ho veit kommunestyregruppa har jobba hardt for å få til eit budsjett utan nedleggingar, men ikkje har klart det, noko ho meiner dei burde fått til. Ho fortel at styremedlemmene utanfor kommunestyret meiner at dei i alle fall må informere brukarane på dei aktuelle skulane og gi dei meir tid.
— Det me har tenkt, er at det er foreldra som må seie at nok er nok, ikkje me politikarar. Me meiner me burde venta eitt år eller to og sett kva som hadde skjedd, seier styreleiaren.
Ho seier at partiet ikkje kan gå for skulenedleggingar utan å ha hatt eit medlemsmøte, og har kalla inn til eit 2. desember.
Det som bekymrar Hortman mest med nedleggingar, er transporten av små barn, som ho trur blir frykteleg. I tillegg fryktar ho for samhaldet i bygdene. Med skulegang i andre bygder fryktar ho at det ikkje blir mykje tid til å bygge opp det sosiale i heimbygda til barna.
Redd for dominoeffekt
Styreleiaren er tydeleg på at ho er redd for at fleire skular kan ryke på sikt om kommunen startar med nedleggingar no. Ho seier at neste gong er det Vikebygd, der ho bur, som ryker.
— Dette er berre ein start, seier Hortman.
Spurt om styremedlemmene kjem til å halde fram presset mot kommunestyregruppa, viser Hortman til medlemsmøtet 2. desember og seier dei får sjå kva som kjem ut av det. Det hadde gleda ho stort om dei hadde snudd.
Sanksjonar mot kommunestyremedlemmer tenker Hortman ikkje på, men ho ser for seg at ein del partimedlemmer vil melde seg ut, og at det vil påverke valresultatet neste gong om partiet held fram med nedlegginga dei stemte for i formannskapet. Ho fryktar at dette vil føre til at dei mistar makta i Vindafjord, og at sentraliseringa skal eskalere med nytt leiarskap.
— Dersom folk vel å flytte på grunn av skulenedleggingar, så er det i mange tilfelle ikkje til dei større bygdene i Vindafjord, seier styreleiaren.
Det å vere usamde med eiga kommunestyregruppe er ei ny oppleving for Hortman.