Leiar Aleksander Teimann Bjørnø i Bjoa Bygdeutviklingslag og Leif Bjarne Klette Steinsland tok turen til formannskapsmøtet for å følgje debatten om skulenedlegging. FOTO: SVEIN-ERIK LARSEN
Leiar Aleksander Teimann Bjørnø i Bjoa Bygdeutviklingslag og Leif Bjarne Klette Steinsland tok turen til formannskapsmøtet for å følgje debatten om skulenedlegging.

Vindafjord-budsjettet

— Stoppar heile bygda

Publisert Sist oppdatert

Skulen er det viktigaste me har, sa Aleksander Teimann Bjørnø i Bjoa Bygdeutviklingslag etter formannskapsmøtet tysdag.

Fredag signerte han ein lang uttale frå bygdeutviklingslaget med tittelen: Skulenedlegging ein katastrofe for Bjoa og ei tikkande bombe under den offentlege skulen i heile Vindafjord kommune». I konklusjonen skreiv han at bygdeutviklingslaget, utifrå omsynet til borna på Bjoa, framtida for bygda, framtida for kommunen og alle dei uavklara konsekvensane, protesterer mot forslaget om nedlegging av Bjoa skule. Berre ei langvarig freding av framtida for skule og barnehage kan skapa grunnlag for optimisme og vekst, både på Bjoa og elles i kommunen, skreiv Bjørnø.

Les alle sakane om budsjettet her: Vindafjord-budsjettet

Under tysdagens møte i formannskapet hadde han på seg ein Bjoa IL-genser, med sambygdingen Leif Bjarne Klette Steinsland ved si side. Etter møtet sa Bjørnø at han har tru på ro rundt skulen etter skulebruksplanen, og at det har begynt å komme folk til bygda.

Nedlegging sett ein stopp for heile bygda, meiner bygdeutviklingslagsleiaren.

Tungt å foreslå

Leif Bjarne Klette Steinsland er, i likskap med Bjørnø, svært kritisk til forslaget om å leggje ned Bjoa skule. Med eit slikt grep meiner han at kommuneplanen, som blei vedteken tidlegare i år, allereie ser ut til å smuldre, og viser til effekten på buattraktiviteten på Bjoa. Han seier at han har to herlege døtre og peiker på konsekvensane for dei yngste om dei må gå på skule i Ølensvåg.

Ti timar pendling i veka for førsteklassingar er galskap, seier Leif Bjarne Klette Steinsland.

Hei!
Du må ha eit aktivt abonnement for å lese vidare.

Eksisterande kunde?

Logg inn her

Har du ikkje abonnement?

Bli abonnent

Powered by Labrador CMS