Varslar mykje snø til helga – så snur det
Til helga er det venta mykje snø, både i nord og i sør, ifølgje Meteorologisk institutt. Både Etne og Vindafjord er ein del av gult farevarsel. Men sundag snuret vêret igjen.
NPK-NTB/GRANNAR: Fredag er det sendt ut farevarsel fleire stader i Nord- og Sør-Noreg, inkludert Grannar-distriktet.
– Berekn ekstra tid til transport og sjekk vegmeldingar, åtvarar meteorologane.
Det er venta vanskelege køyreforhold, og reiser kan ta lengre tid. Snøfokk kan redusere sikta mykje, og kolonnekøyring, og i verste fall stenging av vegar, kan bli nødvendig.
10-20 cm
I Sør-Noreg er snøvêret venta å komme søndag, med 10–20 cm snø på eitt døgn. Farevarsel er ferda ut for Austlandet, Sørlandet og fjellområda i Sør-Noreg.
– Først blir det snø, deretter regn mange stader. Og det kan bli underkjølt regn, så køyr forsiktig, skriv meteorologane på X.
Mest snø i nord
I Troms og delar av Vest-Finnmark kan det falle 30–50 cm snø på eit døgn, og enkelte stader opp mot 60 cm før snøfallet minkar søndag formiddag.
(NPK)