Donmersnes industriområde.
Arkivfoto: Økland Foto
Næringsliv
Vil kome i gang på Dommersnes
Utsettinga av fase 1 på Dommersnes skapar irritasjon blant politikarane i Vindafjord. Fleire ser på dette som eit løft for industriområdet som bør realiserast uavhengig av om det blir havvind og fleire fasar.
— Eg har alltid sett det slik at fase 1 står på eigne bein, fordi det er det som er avtalen for å få området til å utvikle seg, uansett kva det måtte brukast til framover, sa Modolf Haraldseid (H).
Vindafjord kommune og Westcon Yards er likestilte eigarar av Dommersnes AS, marknadsført som Windafjord Port. Styret i selskapet vedtok nyleg å utsetja oppstarten av fase 1. Dette er første steg i planane om utvikling av industriområdet på Dommersnes, som omfattar tidlegare nytta område. Fase 2 vil ta meir areal i bruk, medan fase 3 kan omfatta alle dei over 500 måla som er regulerte til industri.
Dyrt arbeid