Steinar Aalvik
På tampen
Å gjere seg opp ei meining
Etter å ha kome seg til skils år og alder, og vel så det, hadde vel vore på plass å gjera seg opp ei meining om eit og anna. Ei av desse Neslene» til Tor Jonsson er forma som eit brev til eit bondehjarta. Her skriv han at når bonden vaknar, så vaknar han til reaksjon. Det er kanskje difor eg kjenner meg mest heime på nei-sida, i alt som er av meir eller mindre aktuelle saker. Såleis kunne det vel høva å blanda seg bort i det som har med vindkraft å gjera, både på land og hav. Men den slags for me tru at Don Quijote og dei tek seg av.
Å slost mot ferjefrie riksvegar, trur eg måtte vera ei sak for meg. Eg har alltid tykt vel om ferjereiser. Eg minnest visse søndagar i barndomen, då eg fekk ha han far for meg sjølv. Han tok meg med i Prinz-en til Skånevik. Me tok ferja over til Utåker. Me gjekk og dreiv på soldekket. Ferja heitte Melderskin, ho var innom Matre, same namnet som butikken på Sørstrondo. Pappen lyfta meg opp, og eg kjende vinden i fjeset.
Ferjene måtte og til for at det skulle verta sommar. Sommarferjene gjekk mellom Kinsarvik, Utne og Kvandal. Me stod på soldekket på Hardingen. Sommaren var over for vår del. Me såg ut over Kvandal ferjekai. Heile kaien var full av bilar, og køen stod langt bortover riksveg 7. Uff, sa Mammo, og sukka tungt. Sjølv lengta ho støtt til støling og løypestrengar med høybør på. Mi eiga fer ut den store verda, var og ei ferjereise. Eg køyrde Honda CB 100 til Utbjoa, og tok ferja Stord til Leirvik. Av ein eller annan grunn var det Leo Sayer og When I Need You», som song i mitt sinn.