Saloonmamma i aksjon. Aslaug Olden Mala kjenner mange unge i distriktet og slår gjerne av ein prat medan ho vaskar og ryddar bord.FOTO: LIV ASTRID HESJEDAL
Saloonmamma i aksjon. Aslaug Olden Mala kjenner mange unge i distriktet og slår gjerne av ein prat medan ho vaskar og ryddar bord.

Frå papirarkivet

Country, hygge og helgejobb

Overtakinga av heimegarden, ei skulereform og eit intervju om hestar. Tre separate hendingar saman førte til starten på Old River Saloon for 15 år sidan.

Publisert Sist oppdatert
(FRÅ ARKIVET: Denne saka blei publisert første gong 25. desember 2014, den gongen i samband med at det var 15 år sidan Saloonen opna. No i 2024 er det 25 år sidan.)

— Det aller viktigaste å få fram er kor utruleg kjekke ungdomane som går her på saloonen er. Ja, eg kallar dei ungdomane mine, for eg føler det slik. Foreldra kan vera stolte av dei unge som veks opp i bygdene rundt her nå, det er så mange kjekke ungdomar. Det er stas for å oss å få fylgja dei gjennom ulike fasar av livet, dei vert litt vekke i etableringsfasen, men så kjem dei alltid tilbake seier eigar og dagleg leiar Aslaug Olden Mala (73), også kalla saloonmamma.

Starten
Aslaug Olden Mala hadde tatt over heimegarden som ligg like ved Etne stadion og dreiv med hestar. Så kom skulereforma som sendte seksåringane på skulen og det vart behov for utbygging på Enge skule. Den gamle marknadshallen som stod der måtte fjernast, kommunen kjøpte den og la den ut for sal og Mala fekk tilslaget. Murfundamentet vart støypt nede på garden og hallen vart frakta ned i tre delar.

— Atle Rosseland sette hallen saman for meg og det er han som har tatt seg av alt arbeidet med inventaret. Me har hatt eit godt samarbeid. Han innreia den til tolv hestar med vaskehall og alt. Den delen som nå er saloonen var berre eit tomt skall, fortel Mala.

Hei!
Du må ha eit aktivt abonnement for å lese vidare.

Eksisterande kunde?

Logg inn her

Har du ikkje abonnement?

Bli abonnent

Powered by Labrador CMS