Up-betjent Kjetil Nesbu under ein tidlegare kontroll. Arkivfoto.
Fire fartskontrollar på tre dagar i Åkrafjordtunnelen
Åkrafjordtunnelen har vore utrykkingspolitiet sin yndling» denne veka. Det handlar mykje om fart – og truleg litt om grisevêret.
Fredag stilte Utrykkingspolitiet seg opp i den 7,4 kilometer lange Åkrafjordtunnelen på E134 i Etne for fjerde gong på berre tre dagar. Me kontakta Kjetil Nesbu, UP-betjent ved Etne og Vindafjord politistasjon i Ølen, for å høyre kvifor.
— Åkrafjordtunnelen er ein plass kor me har snappa opp at det er mange som køyrer for fort, seier han.
131 og 144 kilometer i timen