Jentelag frå Skjoldar/Vats94/Vik/Vind og Ølen IL er blant dei som får støtte. Her frå seniorlaga deira møttest til dyst på Hatteland Stadion i 2023.
ARKIVFOTO: MAGNE SKÅLNES
Gåver til lokale jentefotballag
No får rekordmange jentelag støtte til tiltak som bidreg til å gi jenter eit betre fotballtilbod. Blant desse er fire i Grannar-distriktet.
Totalt deler Sparebanken Vest ut 10,6 millionar kroner, fordelt på 533 jentelag, gjennom initiativet Jenter vil meir. Det er nesten ei dobling samanlikna med i fjor.
— Me brukte stemma vår og starta ei rørsle som skapte enormt engasjement på Vestlandet og i landet elles, seier konsernsjef Jan Erik Kjerpeseth i Sparebanken Vest.
Treningsleirar og jentedagar