Anne Cecilie Berentsen stemte mot sitt eige parti sitt budsjettforslag. FOTO: SVEIN-ERIK LARSEN
Anne Cecilie Berentsen stemte mot sitt eige parti sitt budsjettforslag.
Kommunestyret har sitt siste møte for året tysdag. FOTO: SVEIN-ERIK LARSEN
Kommunestyret har sitt siste møte for året tysdag.

Vindafjord-budsjettet

Gjekk mot sine eigne

Publisert Sist oppdatert

— Me vann valet i fjor. Eg er sikker på at det at me stod opp for skulestrukturen var ein viktig grunn til det, seier Anne Cecilie Berentsen (Sp) i ein pause etter at ho nettopp hadde stemt blankt i ei prøveavstemming.

Vidare poengterer ho at det ikkje har skjedd så mykje med demografiprognosane på eit år.

Usemje internt

At fleirtalet i kommunestyregruppa til Sp går inn for å leggje ned skulen på Bjoa og barnehagen og skulen i Imsland har skapt stor splid innan partiet. Styreleiar Solveig Hortman har fortalt at styremedlemmane som ikkje sit i kommunestyret, er mot nedleggingane. Fleire av dei oppmoda i forkant folk til å stille opp på ein demonstrasjon utanfor Vindafjord rådhus torsdag. I demonstrasjonen stod fleire personar bak eit banner som viste at dei stod på partiet si liste for å berge skulane, ikkje leggje dei ned.

Berentsen meiner at det har vore ein open og raus prosess innan partiet, og opplever at dei viser respekt for kvarandre trass usemja. Ho er tydeleg på at dersom Sp, Ap og KrF hadde valt å bevare skulane, hadde ho stemt for det. No kjem ho heller til å stemme for Vindafjordlista og SV sitt forslag i den avsluttande voteringa, og ikkje Sp, Ap, KrF, Høgre og Frp sitt justerte forslag.

— Eg følgjer innlegget deira, fortel Berentsen.

Både Anna Klette Steinsland (Vindafjordlista) og Guri Ravatn (SV) snakka om dei negative konsekvensane for blant anna buattraktiviteten ved nedlegginga. Berentsen seier at den største kostnaden ligg på helse, og at det heller er der ein bør gjere omstrukturering. Ho utdjupa avgjerda si på talarstolen i debatten etterpå.

— Personleg blir det for tøft å stemme for noko eg har sagt eg ikkje vil gjere, sa ho frå talarstolen.

Ho sa at KrF og Ap ba Sp bli einige med seg sjølv om eit budsjett som legg ned skular før dei skulle forhandle med dei. Berentsen trur at skulenedleggingar vil auke takten på den krevjande demografiutviklinga og hemme dei i kampen om folka. Ho sa at spørsmålet om skulenedleggingar er eit verdival.

Hei!
Du må ha eit aktivt abonnement for å lese vidare.

Eksisterande kunde?

Logg inn her

Har du ikkje abonnement?

Bli abonnent

Powered by Labrador CMS