Monica Nesheim (Sp) opplever kommuneøkonomien som krevjande. FOTO: SVEIN-ERIK LARSEN
Monica Nesheim (Sp) opplever kommuneøkonomien som krevjande.

Vindafjord-budsjettet

— Høyrer ekko frå to år sidan

Publisert Sist oppdatert

— Eg har følt meg handlingslamma i saka, seier Monica Nesheim (Sp) etter eit formannskapsmøte tysdag.

Sp vedtok saman med KrF og Ap eit budsjettforslag om å leggje ned skulen på Bjoa og barnehagen og skulen i Imsland under formannskapsmøtet 26. november. Desse partia har fleirtal i kommunestyret med 13 representantar og inngjekk ein avtale om budsjettsamarbeid etter valet i 2023.

Kom raskt igjen

Sidan fleirtalsbudsjettet blei presentert, har fleire i ulike roller i Vindafjord Sp gått hardt ut mot kommunestyregruppa si avgjerd. For Nesheim har det vore krevjande å lande der ho gjorde, men ho føler ikkje at det var nokon veg utanom.

I arbeidet med budsjettet var det viktig for Nesheim å få til ei løysing det kunne bli fleirtal for. Ho fortel at det blei klart ganske tidleg for ho at det ikkje ville la seg gjere å få fleirtal for å behalde skulane. Dermed retta ho fokuset mot avbøtande tiltak. Fleirtalskoalisjonen listar opp åtte punkt (sjå faktaboks) med avbøtande tiltak i sitt budsjettforslag. Dei går mellom anna ut på å få ein best mogleg prosess, skuleskyss og etterbruk av bygningane.

Spurt om si eiga rolle som skuleforkjempar i 2022 kontra politikar i 2024, fortel ho at ho framleis er like mykje for skulebruksplanen som blei vedteken den gongen. Ho er ærleg om at ansvar tyngar, og at argumenta ho kjempa mot har blitt aktualiserte i budsjettrunden i år. Desse argumenta er mangel på pengar til å halde fram som før, låge fødselstal og stadig fleire eldre.

Eg høyrer ekko frå tida om skulebruksplanen. Då blei det sagt at spørsmålet kjem igjen. Det blei sagt at når me ikkje gjer strukturendringar i samband med ein skulebruksplan, vil det dukke opp i budsjett. No har det skjedd, og det allereie to år etter at me trudde saka var lukka for i alle fall ein periode til, seier Nesheim.

Hei!
Du må ha eit aktivt abonnement for å lese vidare.

Eksisterande kunde?

Logg inn her

Har du ikkje abonnement?

Bli abonnent

Powered by Labrador CMS