Julemagi i ruskevêr
Pøsregnet sette ingen stoppar for filmgleda då Håvard og Iselin Tveit inviterte til utekino heime på tunet i Vikebygd. Trygt plassert under ein stor presenning fekk både små og store ei triveleg førjulsstund og ei god filmoppleving ute i det fri.
Kalenderen viser 13. desember og tid for den årlege utekino-førestillinga i Krekavegen i Vikebygd. I fire år har ekteparet Iselin og Håvard Tveit invitert til kino ute på tunet til Håvard sine foreldre, og i år er ikkje noko unntak. Aller helst hadde vertskapet håpa på stjerneklar himmel denne kvelden, men med mørke og regntunge skyer hengjande over vindafjordbygda let ikkje regnet vente på seg.
— Tidlegare år har det vore fint vêr og i fjor var det snø og måne. Då hadde me rundt 30 gjester frå Skjold, Vats og Vikebygd, seier ekteparet Tveit og kikkar litt oppgitt på regnet som pøsar ned
Men uansett korleis veret blir skal det køyrast film. Lerretet er hengt opp på veggen og projektoren er kopla opp. Ein stor presenning er spent opp over benkeradene og skal syte for å halda regnet ute. Inne i garasjen står gløggen og varmar seg på kokeplata og julekakene ligg klar til servering.