Sterk vind har blåst halvet taket av eit hus i Sandeid torsdag kveld. Nokre takplater har treft eit nabohus.
— Takplatene har landa hos naboen, og meldar er redd heile taket vil blåse av, opplyste operasjonsleiar Olaug Bjørnsen i Sør-Vest politidistrikt klokka 18.07.
Dramatisk for familie
Etter det Grannar sin journalist på staden har fått opplyst, var ein vaksen person og barn like i nærleiken då halve taket blei skrelt av den aktuelle bustaden.
Dei skal akkurat ha passert same stad som der ein stor del av taket landa. Men heldigvis blei ingen skadd i hendinga.
Kraftige vindkast
Ved 19-tida pågjekk det sikring av taket. Det var då framleis veldig sterk vind i kasta på staden.
Innsatsleiar Håvard Vestbø i Haugaland brann og redning sa då til Grannar at han ikkje trur at det skal vere fare for at meir av taket vil blåse av.
Klokka 19.13 opplyste politiet at dei har avslutta på staden.
— Det blir ein forsikringssak, opplyser operasjonsleiar Olaug Bjørnsen.
Hendinga skjedde like nord for Sandeid sentrum.
Nordvestlig kraftig vind
Den kraftige vinden kom frå nordvest.
Vakthavande meteorolog ved Meteorologisk institutt, Per Egil Haga, opplyser til VG torsdag kveld at det er eit lågtrykkssenter som diriger kraftig vind frå Nordmøre og sørover store delar av Vestlandet torsdag kveld.
– Denne nordvesten tek ikkje berre ute ved kysten, men fører òg til kraftige vindkast innover i indre strok. Vindkasta er lokale og kortvarige, men kan vere sterke når dei slår til, seier han.
– Denne vêrtypen vil halde fram utover kvelden. Først seint i kveld eller tidleg i natt vil lågtrykket trekkje austover og svekkjast, slik at vinden minkar, seier Haga.