Christian Lomsdalen, leiar Humanetisk forbund, Foto: Pavel Storozhuk
Christian Lomsdalen, leiar Humanetisk forbund,

Debatt

Trua di er ikkje nødvendigvis trua mi

Skulegudstenester er splittande og problematiske i eit livssynsopent samfunn. Å lære om kristendom, andre religionar og livssyn er viktig, og nettopp difor har vi KRLE-faget i skulen. Gudstenester derimot, er ikkje eit pedagogisk opplegg retta mot læring om tru og livssyn.

Den nye opplæringslova som tredde i kraft i august, er klar på dette punktet: Opplæringa skal ikkje vere forkynnande». Å arrangere skulegudstenester som ein del av skuletida, bryt dette. Forkynning høyrer ikkje heime i skulen si undervisning, og det skapar eit skile mellom dei som deltek og dei som ikkje gjer det. Dette undergrev prinsippet om ei inkluderande skule der alle elevar føler seg velkomne, uavhengig av tru eller livssyn.

Når Tove Elise Madland, som stortingsrepresentant, seier at Utan at vi sjølve veit kva vi trur på, kan vi ikkje vise andre respekt for si tru», er det viktig å reflektere over kva dette betyr i praksis. Dette er eit signal om at å vera norsk er å vera kristen. Skal ikkje dette tyde at skulen må leggje til rette for like vilkår for alle religionar og livssyn? Dersom ein insisterer på å vidareføre kristne gudstenester i skulen, signaliserer ein at kristendommen har ein privilegert plass. Dette strir mot idealet om likebehandling og mangfald.

Hei!
Du må ha eit aktivt abonnement for å lese vidare.

Eksisterande kunde?

Logg inn her

Har du ikkje abonnement?

Bli abonnent

Powered by Labrador CMS