Annette De Graaf sammen med barn i Vietnam. Hun ønskjer å skape ein skule der barnas mentale helse står i sentrum.
FOTO: PRIVAT
Tysvær
Vann gjev pris – vil starte eigen skule
Annette de Graaf arbeider med å skapa ein ny skule i Tysvær. For nokre veker sidan vann ho prisen for beste utdanningsinnovasjon i Finland.
; Annette de Graaf har over 20 års erfaring innan utdanning. Ho er opphavleg frå Nederland og har brukt fleire år på å utvikla ei ny læringsmetode for barn. Lidenskapen for læraryrket starta allereie då ho var svært ung, og ho visste tidleg at ho ein dag skulle bli lærar.
(TYSVÆR BYGDEBLAD)Pris i Finland
Annette de Graaf fekk melding om at ho var nominert til ein pris i Finland. Prisen vert delt ut av den finske organisasjonen HundrED, som sidan 2015 har fremja innovasjon innan utdanning. Hennar innovasjon, My Learning Story», vann prisen for beste utdanningsinnovasjon i 2025.