Mats Årvik (Frp) la fram forslag om å sei nei til vindkraftparkar. FOTO: SVEIN-ERIK LARSEN
Mats Årvik (Frp) meiner at Vindafjord må fokusere på å integrere dei flyktningane som allereie har kome.

Vil ha flyktningestopp i Vindafjord

Publisert Sist oppdatert

— Eg meiner det er fornuftig med ein stopp i mottak av flyktningar no. Me har tatt imot rekordmange det siste året og bør rette fokuset mot å få desse integrerte på best mogleg måte, seier Mats Årvik.

Totalt oppmodar IMDi kommunane om å busetje 18.900 flyktningar i 2025. Av desse ber dei Vindafjord busetje 50 og Etne 15.

Kapasitetsutfodringar

I slutten av november var det busett 17 flyktningar i Etne og 89 i Vindafjord så langt i 2024. Miriam Aareskjold, leiar for integreringstenesta i NAV Vindafjord-Etne, opplyser at det kjem 15 til i Vindafjord i desember. Dermed har dei ein ledig plass frå vedtaket på 105.

Oppmodingstala for 2025 var som integreringstenesta forventa og hadde gitt uttrykk for at dei ønskte. Dei stiller seg positive til at dette er ei mengd dei skal kunne busetje til neste år.

— Integreringstenesta og andre einingar har blitt godt rusta opp dei siste åra, noko som gjer at me har kapasitet til å busetje fleire. Me ser òg at tilgangen på bustader framleis er overraskande god, seier Aareskjold.

Integreringsleiaren understrekar at det er høge busettingstal, særleg for Vindafjord, så det blir eit travelt år med både nye busettingar og flyktningar som er busett i tidlegare år, som skal følgjast opp på ein god måte. Det vil no bli gjort nokre vurderingar av kapasiteten i kommunane som heilskap før det blir utarbeidd politiske saker som skal opp i første runde med politiske møter på nyåret.

Årvik er meir skeptisk til Vindafjord kommune si evne til å ta imot fleire. Han viser til at det blir rapportert om kapasitetsutfordringar i fleire einingar, samtidig som kommunen står overfor mange utfordringar knytt til både helse og oppvekst. Vidare framhevar han at det er tronge økonomiske tider i kommunen, og at det blir lagt opp til større strukturendringar i skulen for 2025.

— Før me kan ta imot fleire flyktningar, må me ha fokus på å løyse problema dagens innbyggjarar står ovanfor, meiner Årvik.

Ventar på kommunedirektøren

Resten av Vindafjord-partia er mindre avvisande. Modolf Haraldseid (H) seier at sjølv om Vindafjord opplever ei viss metting når det gjeld mottak av flyktningar, meiner han at 50 nye i 2025 er eit tal dei bør tole å handtere, sett i lys av alvoret som ligg bak og den solidariteten me bør vise resten av Europa og verda elles.

Øyvind Valen (Ap) er i utgangspunktet positiv, men avventar kommunedirektøren si sak. Han reknar med at saka vil seie noko om kapasiteten i kommunen kva gjeld opplæringstilbod, bustader og moglegheit for praksisplassar. Varaordførar Gustav Løge Fosse (KrF) deler Valen si vurdering. Guri Ravatn (SV) vil òg vente på kommunedirektøren si vurdering før ho tar stilling. Det same vil Sp si gruppe, fortel Jan Idar Haugen. Vindafjordlista si innstilling er at oppmodinga til IMDi avheng av kva kapasitet kommunane melder inn.

— Det er avgjerande at flyktningane som blir busette, blir tekne godt vare på. Me oppfattar at fleire tenester melder om press, særleg når det gjeld tilgang på arbeidskraft, og at leigemarknaden i kommunen er meir utfordrande enn tidlegare, seier Anna Klette Steinsland (Vindafjordlista).

Hei!
Du må ha eit aktivt abonnement for å lese vidare.

Eksisterande kunde?

Logg inn her

Har du ikkje abonnement?

Bli abonnent

Powered by Labrador CMS