Anne Marte Waage Tveit håpar kommunestyret seier nei til vindkraft i Skjold. ARKIVFOTO: SVEIN-ERIK LARSEN
Anne Marte Waage Tveit håpar kommunestyret seier nei til vindkraft i Skjold.

Debatt

Vindkraft og naturangst

Den siste tida har eg kjent på kroppsleg ubehag ved tanken på ei eventuell vindkraftutbygging i Skjold. Eg trur dette må vere naturangst. Har aldri vore borti slikt før.

Når me køyrer frå Grinde og innover mot Våg, ser me rett på Hodnafjellet, som er 325 meter høgt. Høgda frå vegen til toppen av Hodnafjellet er omtrent like stor som dei 12–15 vindturbinane som er planlagde i området. Formidabelt.

For 25–30 år sidan var me ein stor gjeng i Erslandskrinsen bygdalag som, etter same modell som dei brukte på fjelltoppane i Vikebygd, merka stiar og sette opp nutakassar på toppane i ytre Skjold. Bygda blei samansveisa. Me hadde fellesturar, og både store og små skreiv – og skriv framleis – i bøkene på Hodnafjellet, Varden, Naustdalsfjellet, Måkafjellet og fleire. Dei blir nutafantar eller nutakongar kvart einaste år. Snart etter sette Skjold Turlag opp nutakassar vidare innover i Skjold, og det utvikla seg eit flott stinett i heile bygda. Eit fantastisk område med vidt utsyn i alle retningar: sørover til Skjoldafjorden og Boknafjorden, vestover til Valhest og Steinsfjellet, nordover ut Ålfjorden til Kvinnherad og Ulvanosi, og austover mot Døldarheia og Aksla. Etter kvart blei det gode stiar som la grunnlaget for det flotte turløpet Skjold På Tvers».

Eg har fleire gonger hatt skuleelevar med meg til Naustdalsfjellet for geografitime om Ålfjorden. Denne flotte toppen ligg like sør for Måkafjellet, og her ser ein alle krokane og vikane i Ålfjorden sers godt. Fjorden kjem mektig og flott inn mellom Bjoa og Tittelsnes, vender etter kvart mot vest og har avstikkarar til mellom anna Erve, Haraldseidvågen, Fjon, Kvalvåg, Våga og Sundfør. Bygder i Vindafjord, Tysvær og Sveio. Her ser me kor langt og kronglete det er frå dei inste fjordarmane ut til ope hav utanfor Tittelsnes. Korleis vil Ålfjorden takle forureining med mikroplast og anna som heilt sikkert vil kome frå ei eventuell vindkraftutbygging heilt inst i fjorden i Sundførvågen? Utan fakta, men med vanleg sundt bondevett, ville eg aldri tatt sjansen på å gamble med framtida til Ålfjorden.

Me har små barnebarn som var med i fakkeltoget mot vindkraftutbygginga på tysdag. Familien har flytta frå Haugesund til Skjold for å kome nær naturen, med både båtplass i Ålfjorden, turområde utanfor døra, og ikkje minst eit sers rikt dyre- og fugleliv som dei studerer direkte frå stova. Det er naturen som gjer skilnaden og trekker dei tilbake til Skjold.

Gode politikarar.

Me veit at det ikkje alltid er mogleg å ta avgjerder som er til lags åt alle». Men i denne saka ber eg dykk instendig om å tenkje på det beste for Skjoldabuen og folkehelsa. Ikkje vurder å ofra naturen vår, turområda våre, dyrelivet, det rike fuglelivet der me kan sjå 10–12 ørnar på ein gong, dei fine sauebeitene på Håvik, sjøkreps- og krabbefiske i Ålfjorden, og kveldshimmelen med fri horisont over Hodnafjellet og Valhest. Ikkje ta det beste Skjold har å by på frå bygda vår og frå neste generasjon. Ta avgjerda no, slik at kommunen slepp å bruke store mengder kommunale timar og kroner på dette, og at me som bur her, slepp å leve med naturangst i lange tider.

Anne Marte Waage Tveit

Hei!
Du må ha eit aktivt abonnement for å lese vidare.

Eksisterande kunde?

Logg inn her

Har du ikkje abonnement?

Bli abonnent

Powered by Labrador CMS