Illustrasjonsfoto: Heidi Molstad Andresen / NPK

Bøndene satsar milliardar

Kvar veke dei siste åra har fem lausdriftsfjøs fått støtte frå Innovasjon Noreg. Summen som er sett av til investeringsstøtte, såkalla IBU-midlar, er meir enn dobla dei siste åra.

Publisert Sist oppdatert

Ifølgje Nationen
vart det i fjor løyvd nær 1,2 milliardar kroner i investeringstilskot til landbruk. Rett over 700 millionar av dei vart delt på 271 innvilga søknader om fjøs for mjølkekyr.

Støtteprosenten blei i fjor på 40 prosent i snitt mot 36 prosent året før. Bøndene som fekk støtte i fjor vil dermed investere til saman rundt 1,75 milliardar kroner i utbygging av lausdrift for mjølkekyr, skriv avisa. Året før var totalinvesteringa i prosjekta som fekk støtte til mjølk på nær 1,4 milliardar kroner.

I tillegg vart det innvilga fleire søknader til andre utbyggingsprosjekt i landbruket. Ifølgje Nationen syner oversikta frå Innovasjon Noreg at 540 utbyggingsprosjekt i snitt fekk 1,9 millionar kroner kvar i innvilga tilskot i fjor. I tillegg kjem støtte til gjødsellager og andre mindre tiltak.

Hei!
Du må ha eit aktivt abonnement for å lese vidare.

Eksisterande kunde?

Logg inn her

Har du ikkje abonnement?

Bli abonnent

Powered by Labrador CMS