Etne mot Ferkingstad under Etnecup i fjor.Akrivfoto: Grethe Hopland Ravn
Etne mot Ferkingstad under Etnecup i fjor.

Sport

Etnecup fullteikna på få minutt

Det tok berre nokre minutt, så var Etnecup 2025 i praksis fullteikna. No har turneringa også fått orden på namnet sitt.

Publisert Sist oppdatert

13.-15. juni i år står den 43. utgåva av Etnecup for tur. 154 aldersbestemte fotballag med til saman 2.000 spelarar og leiarar vil myldre på fotballbanene i Enge og kring Skakkesenteret. Med foreldre og andre som tilskodarar i tillegg reknar ein med at cupen samlar 3.000 menneskje i Etne-bygda den siste helga før mange tek sommarferie. Dermed ligg det an til meir enn ei dobling av innbyggartalet» i kommunesenteret, kor det er om lag 1.500 bufaste.

Håp for fleire

Sjølv om cupen er fullteikna, finst det enno håp for nokre av dei 58 laga som står på venteliste. Rekorden er 168 deltakande lag. Om ein kjem dit avheng i følgje leiar for Etnecup, Bjørnar Aastvedt, av at ein finn overnatting til fleire.

Hei!
Du må ha eit aktivt abonnement for å lese vidare.

Eksisterande kunde?

Logg inn her

Har du ikkje abonnement?

Bli abonnent

Powered by Labrador CMS