Illustrasjonsfoto.
ARKIVFOTO: TORSTEIN NYMOEN
Taxi i grøfta – sjåfør meldt til politiet
Operasjonssentralen melder om einsleg køyretøy som har køyrt ut av vegen.
Klokka 18:37 søndag kveld melder operasjonsleiar Helene Strand i Sør-Vest politidistrikt om eit einsleg køyretøy som har køyrt i grøfta i krysset Svinakleivvegen/Haukelivegen i Skjold. Nødetatane har rykt ut, blir det opplyst. Det skal berre vera snakk om ein bil, og det er ikkje meldt om personskade.
Oppdatering 19:54:
Bilen som hamna i grøfta er ein taxi, og føraren av bilen er ein mann i 40-åra. Han blir no meldt for brot på vegtrafikklova, då det er mistanke om at han har halde for høg fart. Førarkortet er beslaglagt som følgje av hendinga, opplyser operasjonsleiar.