Rektor Merete Djuve på Vikedal skule blei ønskt velkommen av kommunalsjef Nils Erik Eide for oppvekst.
FOTO: NILS ERIK EIDE/VINDAFJORD KOMMUNE
Ny rektor på plass
Onsdag hadde Merete Djuve (45) sin første dag som rektor for Vikedal skule.
— Vindafjord kommune er svært glad for at Merete no er på plass i rektorstolen på Vikedal skule, som har vore utan rektor sidan 1. september, då Bente T. Gjil gav seg, skriv kommunen på si nettside.
I ventetida» har inspektør Monica Stangeland Endressen vore konstituert som rektor, med god støtte og bistand frå Pål Askvig, som til vanleg jobbar som IKT- og utviklingsrettleiar på rådhuset i staben til kommunalsjefen.
— Dei har løyst jobben godt og hatt god styring fram til denne viktige dagen med den nye rektoren på plass, skriv kommunen.