Bli abonnent – få full digital tilgang!
Kun 5 kr for 5 veker!
• Alt innhald på grannar.no • eAvis
• Digitalt arkiv heilt frå 1973
• App med nyheitsvarsel
Deretter frå 159 kr/månad. Automatisk fornying.
Inga bindingstid. Du seier sjølv opp når du ønskjer.

KJØP

Du må logge inn for å lese artikkelen

Planter til nytte og hygge

Publisert Sist oppdatert

Heilt frå ho som lite jente sprang rundt blant fruktre og ville vekstar heime på garden i Ullensvang har Kari Opedal vore interessert i alt som veks og gror. Å vera ute i naturen har gitt ho ei stor glede og ei indre sinnsro som ho har tatt vare på heile livet. Av yrke er ho utdanna gartnar, og i mange år dreiv ho sitt eige planteutsal. Først i Ullensvang, sidan fleire ulike stader alt etter kor livets veg har ført ho. For få månadar enda ho opp i Skånevik.

— Eg starta urte-og staudegartneriet Plantetunet på Instanes i 1993. I 2013 tok eg ein pause og søkte sommarjobb i Baroniet i Rosendal. Eg flytta til Rosendal og jobba der i seks sesongar. I 2018 møtte eg Reidar, og i 2020 enda me opp i Telemark. Og i april i år kjøpte eg hus i Skånevik, seier Kari Opedal som saman med kjærasten Reidar Larsen har funne seg godt til rette i sin nye bustad.

Plantetun

Powered by Labrador CMS