Næringsliv
Saloonen feirar 25 år med opprusting
I 25 år har Old River Saloon i Etne vore ein møteplass på tvers av generasjonar og bygder. No riggar eigar Rune Kringlebotten saloonen for å kunne ta imot fleire store artistar og grupper.
— Artistane likar godt å spela her, og dei ville koma, men teknikarane deira godtok ikkje scena slik ho var. Så då heiv eg meg rundt og tenkte eg får berre oppgradera då, seier Kringlebotten.
Han investerer mellom ein til halvannan million kronar i oppgraderinga.
Alt klart til jubileet