Ordførarane Ole Johan Vierdal i Vindafjord og Mette Heidi Bergsvåg Ekrheim i Etne vil få fart på E134 Bakka-Solheim-prosjektet og er villige til å ta i bruk bompengar for å få det til. Her frå ei markering for Røldalstunnelen i 2023.
ARKIVFOTO: SVEIN-ERIK LARSEN
Set E134 på dagsorden
I slutten av januar er det tid for ein ny vegkonferanse i Tysværtunet. Der blir E134 mellom Bakka i Etne og Solheim i Vindafjord garantert eitt av temaa.
31. januar er det klart ny vegkonferanse i Tysværtunet.
(TYSVÆR BYGDEBLAD):— Det er den årlege konferansen om den viktige kyststamvegen på E39 og fjellovergangen mellom vest og aust på E134, skriv dagleg leiar Sigmund Lier i ei pressemelding.
På den komande Vegkonferansen blir det fokus på korleis samferdsleprosjekta blir tekne vare på i ei ny stortingsperiode.