Det er viktig å halde både hovuddør og nummer to dører fri for snø, slik at ein kan rømme ut begge stadar i tilfelle brann.ILLUSTRASJON: HAIUGALAND BRANN OG REDNING
Det er viktig å halde både hovuddør og nummer to dører fri for snø, slik at ein kan rømme ut begge stadar i tilfelle brann.ILLUSTRASJON: HAIUGALAND BRANN OG REDNING

— Snø i kombinasjon med vindfokk eller snøbrøyting kan blokkere rømmingsvegar

Haugaland brann og redning minnar folk på å fjerne snø frå rømmingsvegar.

Publisert Sist oppdatert
Det snør, det snør, tiddeli bom. Det er det det gjer, tiddeli bom,» slår Haugaland brann og redning fast på Facebook-sida si. Dei nyttar høvet til å kome med ei viktig påminning: viktigheita av frie rømmingsvegar.

— Snø i kombinasjon med vindfokk eller snøbrøyting kan blokkere rømmingsvegar, slår brannvesenet fast.

Dei skriv at det kan vere lurt å fjerne snø og is jamleg, slik at det ikkje hopar seg opp. Nysnø er dessutan lettare å fjerne enn våt, samansunken snø.

— For bustader er som regel hovuddøra noko vi har kontroll på, men det skal òg vere ein alternativ veg ut av huset, der dette kan vere dør nummer to eller eit vindauge. Det er gjerne her vi finn utfordringane, slår brannvesenet fast.

Dei minner òg om framkomelegheit for brannvesenet ved snørydding og parkering av bilar.

— Som følgje av mykje snø kan det fort bli trongt mellom bilane i enkelte gater. Det må vere ei passasje på tre meter for ein brannbil, skriv brannvesenet.

Hei!
Du må ha eit aktivt abonnement for å lese vidare.

Eksisterande kunde?

Logg inn her

Har du ikkje abonnement?

Bli abonnent

Powered by Labrador CMS