Politiet i Sør-Vest får mange meldingar frå trafikken om køyretøy som set seg fast i snø og på glatte vegar.
— Vi ber alle om å tenkje gjennom nødvendigheita av køyreturen og vegvalet til målet. For tida har vi ikkje kapasitet til å bistå alle stader der det oppstår trafikale problem og farlege situasjonar, heiter det i ei meldinga frå politiet.
Dei viser til desse døma:
• Boknasundbrua: Begge felt stengde, lastebil fast.
• Hovevegen, Sandnes: begge felt stengde, lastebil fast i bakke.
• Kvernevikvegen, Stavanger: leddbuss sperrar eitt felt.
• Vikeså, Skjævelandsvegen: Attsnødd.
• E39 nord for Kyllingstad: Lastebil fast i bakke, eitt felt ope.
E134 Karmsund bru var stengd ein periode etter trafikkuhell, men skal vere open att no.
I Tysvær stod Høiebussen i grøfta ved 16.30-tida, melder Tysvær Bygdeblad.
Snøvêret held fram
Det verste vêret hadde ved 16.30-tida enno ikkje nådd Haugalandet, ifølgje meteorologen.
– Det skal vere ein nedbørstopp mellom klokka 17 og 19. Då kan det kome opp mot seks centimeter snø i timen. Det er ikkje så vanleg at det kjem så mykje, seier vakthavende meteorolog Ole Henrik Botvar til Haugesunds Avis.
Det er ikkje meldt om hendingar i Grannar-distriktet.
Fjellovergangane
Dette er status for fjellovergangane i Sør-Norge klokka 16:
E134 Haukelifjell: Stengt
Rv 7 Hardangervidda: Stengt
Rv13 Vikafjellet: Kolonne
Fv 50 Aurland-Hol: Kolonne
Rv 52 Hemsedal: Kolonne
Fv 53 Tyin – Årdal: Stengt
E16 Filefjell: Open