Nils Olav Østrem frå Skjold er historieprofessor.
Arkivfoto: Grethe Hopland Ravn
Debatt
Vats kyrkje har stor kulturverdi
Stokka-tavla er eit verdfullt kunstverk i den snart 170 år gamle Vats kyrkje frå år 1855. No har Skjold, Vats og Vikebygd sogelag laga ein fin faldar om dette målarstykket frå 1600-talet av Brønla (Brynhild) og Johannes Stokka. I fjor kom det også ei bok mynta på internasjonale lesarar om dette og mange andre såkalla epitafium i norske kyrkjer. Vindetreet skriv også om Stokka-tavla.
Sogelaget har planar om å halda fram med å laga endå ein faldar om kunsten i Vats kyrkje. Den skal presentera altertavla, måla av den tyske kunstnaren Gottfried Hendtzschel. Denne kjende kunstmålaren utsmykka mange kyrkjer i Ryfylke og Rogaland med vakker kyrkjekunst. Han stod for det fremste av målarkunst på 1600-talet. Måleria hans på altertavla i Vats kyrkje er av ein verdi som godt kan samanliknast med verdien Edvard Munch sin kunst frå andre hundreår har. (!)
Vindafjordhallen reiser seg på nytt i Vats. Det er gledeleg og det er hyggjeleg å sjå at spleiselaget» er vidt og breitt for å få gjenreist ein ny hall etter tapet av den første Vindafjordhallen.