Det stadfestar Landbruksdirektoratet overfor avisa Nationen.
I februar i fjor var summen som blei betalt ut på rundt 17 milliardar kroner basert på produksjonen i 2023.
Det var ein auke på over 6,6 milliardar kroner, rundt 64 prosent, på tre år.
Summen som blir utbetalt i år er førebels ikkje kjent, men det er venta at han vil auke med eit milliardbeløp.
I jordbruksoppgjeret i fjor blei det avtalt å auke tilskota til gjennomføring av jordbruksavtalen med litt over 2,2 milliardar kroner.
Støttebeløpet som av Norsk institutt for bioøkonomi blir definert som «sum direkte tilskot» auka frå 316.000 kroner i 2021 til 528.000 kroner i snitt per jordbruksbedrift i 2024.
(©NPK)