Luftambulanse blei sendt til ulykkesstaden.
ILLUSTRASJONSFOTO: THOMAS T.KLEIV/NORSK LUFTAMBULANSE
Luftambulanse blei sendt til ulykkesstaden. ILLUSTRASJONSFOTO: THOMAS T.KLEIV/NORSK LUFTAMBULANSE

E134: Frontkollisjon ved Vågslidtunnelen

Ein mann i 30-åra frå Haugalandet er frakta til sjukehus i Bergen etter ei frontkollisjon på E134 ved Vågslidtunnelen i Vinje kommune fredag ettermiddag. Skadane skal ikkje vere livstrugande, skriv Haugesunds Avis.

Politiet melde om ulykka klokka 13.30 fredag. Ulykka skjedde like aust for Vågslidtunnelen, og fire personar var involverte, skriv Haugesunds Avis som første melde om hendinga.

Henta med luftambulanse

— Luftambulansen har henta ein person, som er flydd til Bergen. Vedkommande er ikkje livstrugande skadd. Dei tre andre er sjekka og i god behald, seier Ottar Steinstø i Sør-Øst politidistrikt klokka 15.08.

Vegen stengd

Like før klokka 16 melder politiet atvegen er open, og trafikken flyt.

— Ein bil har fått problem på isete føre. I den samanhengen har det vore ei møteulukke. Førarkortet til ein mann i 60-åra frå Haugesund er beslaglagt. Sak er oppretta, melder Sør-Øst politidistrikt.